Pages

søndag 30. november 2008

Heidi er multi- intelligent

Howard Garder utvikla som kjent teorien om at mennesket har sju ulike intelligensar. Heidi har prøvd å visualisera desse.


Verbal-lingvistisk intelligens: Heidi har evner til å læra seg språk både munnleg og skriftleg. Dersom Heidi ein gong blir forfattar eller taler kan ein anta at ho har høg språkleg intelligens.


















Logisk- matematisk intelligens: Heidi har evne til å logisk analysera problem, matematiske problem og vitenskaplege undersøkingar, slik som problemet med desse steinane som skal reknast ut.

















Musikalsk intelligens: Heidi viser evne til å uttrykka seg rytmisk og musikalsk gjennom eit instrument, i dette tilfellet ein gitar. Dersom Heidi har sterke nok evner kan ho enda opp som komponist eller musikar.


















Spatial intelligens: Inneberer evne til å sjå romlege relasjonar og ha retningssans. Heidi har dårleg spatial intelligens, men kan få hjelp av GPS når ho treng å måla avstandar i rommet, i likhet med navigatørar og pilotar som har høg spatial intelligens. For å framstilla tredimensjonale figurar samt i ei rekkje praktiske handverksyrker treng ein også denne intelligensen.
















Kroppslig eller kinestetisk intelligens:
Heidi brukar kroppen for å løysa problem og skapa produkt. Som i basketball får Heidi vist si evne til å kontrollera kroppsbevegelsar og behandling av ting med varsemd. Finmotorikk er ein del av denne intelligensen, og om Heidi vel å bli handtverkar, kirurg, skodespelar eller idrettsmann vil ho ha høg utvikling av denne intelligensen.















Interpersonlig intelligens: Denne intelligensen kan me også kalla sosial intelligens og vil vera særs nyttig for Heidi når ho skal bli lærar og skal arbeida saman med andre. Heidi oppfattar både hund og menneskers sinnsstemning. I dette tilfellet kan ho smila, for her er det berre glede!





Intrapersonleg intelligens: Her viser Heidi at ho har evne til sjølvinnsikt. For å ha denne evna må Heidi kjenna seg sjølv og kunna setja seg realistiske mål. Her må ein også ha innsikt i eigne kjenslereaksjonar og handlingsmønster.




Naturintelligens: Sjølv om denne intelligensen ikkje i utgangspunktet er ein av dei sju intelligensane vert det spekulert i om ikkje denne burde vore med. Her gjeld det å ha innsikt i og kunnskap om den levande verden. Heidi lærer seg evna til å skilja mellom ulike kulturar og dei ulike artane i naturen, slik som tre og buskar.

13 kommentarer:

Marie sa...

Hei Heidi!

Du har ein utruli artig måte å framstilla kunnskapen din på=) Når du gjer det på ein måte som dette så blir det så enkelt å forstå:)

Anders sin pedagogikkblogg sa...

Klapp, klapp =)

Hauge sa...

Til dykk begge: Kjekt å få god tilbakemelding på mine dumme idear, men i tråd med teorien for denne veka er eg ein visuell person som kan trenga å få ting illustrert på ein slik måte:)

Hauge sa...

ein liten kommentar: for dei som har lika teit nettlesar som meg ser sikkert oppsettet av bloggen skikkeleg dårleg ut, men Heidi manglar den tekniske intelligensen og får ikkje bileta og teksten til å stå slik ho vil nedover på sida i bloggen :(
Dette må berre beklagast!

Anja S sa...

Jeg bøyer meg i støvet for den kreative evnen din!

Tvildus sa...

Hei Heidi:)
Så utrulig bra;) du er verkeleg i det krevative hjørna, og eg la ikkje merke til manglande tekniske intelligens:) you go girl:)

Hauge sa...

Anja: Du veit godt at den som må ned i støvet, det er meg!

Katrine: Av og til glimtar eg til:p

Lasse Bøe sa...

Imponerende! Veldig kreativt og interessant måte å fremstille intelligensene på!

Hauge sa...

Lasse: Takk takk:)

Hauge sa...

Silje hadde ein festlige link te kim av intelligensane me passte best i (http://www.helloquizzy.com/tests/howard-gardners-eight-types-of-intelligence-test)

Her har du meg:
22% Logical, 39% Spatial, 22% Linguistic, 39% Intrapersonal, 43% Interpersonal, 16% Musical, 2% Bodily-Kinesthetic and 43% Naturalistic!

"This area has to do with interaction with others. People in this category are usually extroverts and are characterized by their sensitivity to others' moods, feelings, temperaments and motivations, and their ability to cooperate in order to work as part of a group. They communicate effectively and empathize easily with others, and may be either leaders or followers. They typically learn best by working with others and often enjoy discussion and debate.

Careers which suit those with this intelligence include politicians, managers, teachers, social workers and diplomats." (Wikipedia)

ser ut som eg e på rett vei jaffal...

(http://www.helloquizzy.com/results/howard-gardners-eight-types-of-intelligence-test/?fromCGI=1&var_Logical=11&var_Spatial=20&var_Linguistic=11&var_Intrapersonal=20&var_Interpersonal=22&var_Musical=8&var_Bodily%252dKinesthetic=1&var_Naturalistic=22)

Steinar sa...

he he, du veit også godt kva du skal gjere for å få merksemd, og det er jammen velfortent! Flott illustret!

Ny verdsrekord i a1bloggsvar, igjen:-)

Kva slags intelligens trur du det tydar på, forresten???

Unknown sa...

Hei!

Kjekt når det tar like lang tid å lese komentarene som bloggen =) Viser at du har klart å fange mange i A1 med din kreative evne til å fremstille stoffet på.

Gleder meg til neste innlegg :)

Hauge sa...

Steinar: Eg har ei fortid som leke-journalist i haugesunds avis med eit ønske om å ein dag verta skikkeleg journalist. Erfaringa eg tok med meg der frå var at ein måtte trekkja merksemd til arbeidet sitt, enten det er positivt eller negativt.. Men eg er redd det er lite konstruktiv kritikk ute og går, og eg har ikkje fleire idear på lager.

Idear bringer meg foressen over til spørsmålet ditt. Om det hevdast at eg er kreativ her inne, hevdast det i Imsen at kreativitet også kan vera ein eigenskap på linje med intelligens, utan at det nødvendigvis heng saman. Uheldigvis ser det ut til at å vera kreativ på eit område ikkje nødvendigvis fører til at ein er kreativ på andre områder igjen..

Jan Even: ikkje ha for høge forventningar..!