Pages

lørdag 15. november 2008

Skjematisk om Konstruktuvismen; Jenta som utforska læringsteoriar del 3

Jenta held fram med vandringa si og søkjer fleire læringsteoriar då ho ein dag møter ein kar ved namn Jean Piaget i frå Sveits. Han har doktorgrad i biologi, og ho skjønar fort at tankane hans om kvifor barn gjer feil er prega av dette synet. Piaget fortel henne at han har kome fram til at me erfarer den ytre verda gjennom handling og utforsking, som me i vårt indre festar til ulike skjema. Etter kvart som me blir eldre strukturerer me dei ulike skjema i ein kognitiv struktur. For at jenta skulle forstå dette betre fekk ho hjelp av Piaget til å setja dei konstruktivistiske tankane i, nettopp: eit skjema:


4 kommentarer:

Steinar sa...

Pierge, ikkje Piaget????

Kanskje dette er eit konkret døme på assimilering, i så fall kven er det du her har assimilert Piaget til?


Kva trur du er forskjellen på dine mentale skjema og dei som du har laga på skjermen?

Kan du konkretisere enda meir ved å gi eit døme eller to på praktisk pedagogikk basert på det du har ført opp i den siste ruta?

Hauge sa...

Eit ganske godt konkret døme:) Som eg helst ville sagt at var gjort bevisst, noko det desverre ikkje er! Berre vent til eg skal nevna den russiske psykologen, det kan bli endå vanskeligare å assimilera!

Forskjellen på mine mentale skjema og dei eg har laga her er ein ganske anna struktur, og det er mykje meir "rotete" i og med at eg knyttar fleire skjema i eitt --> kognitive skjema.

Eg trur den konstruktivistiske læringsteorien kan tilpassast å læra seg brøk ved hjelp av pizzabaking. Elevane får vera med på å laga deigen og dela opp i dei ulike mengdene og dei får bestemma korleis pizzaen skal skjerast opp. Elevane forstår betre når dei får vera med på aktiviteten sjølv. Brøkproblemet kan også jobbast med på andre trinn ved å bruka pizzaen som eksempel, men no treng ein ikkje konkretisera det like sterkt, gjerna berre ved hjelp av bilete/teikningar og seinare treng ein kanskje ikkje å konkretisera i det heile.

Ingunn Marie sa...

Hei Heidi!
Bra skrevet!

Her har du laget mange skjemaer som illustrerer det Piaget drev med.

Hvis du skulle brukt disse skjemaene i undervisningen, ville det da blitt noen konsekvenser på undervisningen?

Hauge sa...

Hei Ingunn Marie!

For det første trur eg ikkje dette ville vore ein god måte å presantera stoffet i ei undervisningsøkt, dette er meir sortert slik at eg kan hugsa det sjølv:)
Om eg skulle brukt dette i undervisninga vil eg tru elevane ville fått eit feil bilete av konstruktuvismen for "samandraget" mitt er veldi snevert..