Pages

fredag 3. oktober 2008

Påverka av didaktiske forutsetningar

Den didaktiske relasjonsmodellen illustrerer den samansette og mangfaldige didaktiske virksomhet. Det blir spanande når eg sjølv skal setja opp eit undervisningsopplegg. Modellen viser korleis alle forholda grip inn i kvarandre, og det er ikkje mogeleg å endre ein kategori utan at dette vil påverka ein annan.

Eg har valt å fokusere på dei didaktiske forutsetningane; nemleg læreføresetnadane og rammeføresetnadane. Læreføresetnadane har hovudfokus på elevane medan rammefaktorane dreier seg om omstenighetene rundt elevane som tid, lærebøker, utstyr, lokalmiljø, og ikkje minst læraren sjølv.

Kontaktlæraren vår på Hauge viste oss planar ho hadde utvikla for elevane i klassen. Ho hadde eitt år med samme klassen frå før av og hadde kjennskap til fleire av elevane og deira behov for tilpassa opplæring. Som Piaget lærer kjenner ho til ulike elevar sine kognitive strukturer. Også Vygotsky er samd i dette når han seier ein må ha kunnskap om elevane og deira utviklingsnivå for å finna deira utviklingssone. Med planane kontaktlæraren vår hadde laga kunne derfor også dei som ikkje kjende elevane frå før (assistenter o.l.) hjelpa eleven med det aktuelle lærestoffet.

Ein av mange utfordringar med ein stor klasse er at det er vanskeleg å bli godt kjend med alle sine behov for å laga ulike tilpassingar til dei. Det er for det første viktig å ha ein viss avstand frå det allereie etablerte lærestoffet og det nye, men avstanden må heller ikkje vera for stor. Kontaklæraren vår må også følgja opp elevane ho har laga plana til, for i løpet av året kan dette endra seg. Læreforutsetningar er ikkje endelege, desse skjer kontinuerleg.

Som eg nemte i byrjinga er det mange rammefaktorar som styrer undervisning og læring. Det er ein av mine framtidige viktige oppgåver å tolka desse slik at det kan påverka undervisninga min mest mogeleg positivt. Då ser eg det også som min jobb også kjem til å bestå i og påverka skuleledelse og kollegaer til å muligjera tidlegare begrensingar.

Det er som kjent rammefaktorar på tre nivå i skulen som utgjer ein "skulekode" (Arfedson). Systemkonteksten vil det for meg som lærar vera vanskeleg å påverka då dei blir pålagde skulen og ikkje læraren. Den ytre konteksten med nærmiljø av elevar, foreldre og arbeidsliv vil vera der eg som lærar vil ha størst innflytelse. Den indre konteksten der skulen sine tradisjonar og fysiske forhold på skulen er med å påverkar er og meir ein utfordring. Det er ikkje alt me kan gjera noko med, men me kan prøva å gjera det besta ut av det og væra opne for nye løysningar.

3 kommentarer:

Marianne sa...

Hei. Verka som om du har fått god kunnskap om dei didaktiske forutsentningane. Bra:)

Du nevner den didaktiske relasjonsmodellen. Er den denne modellen du trur du vil leggje mest vekt på, eller er det andre?

Steinar sa...

Din diamantillustrasjon er utan tvil mykje finare enn den tradisjonelle pedagogiske:-)

Eg har stor sans for at du trekkjer fram skulekoden. Den kan være svært styrande. Har du nokre tankar omkring korleis du kan bli minst mogleg hemma av den?

Hauge sa...

Heiog takk for gode tilbakemeldingar!

Marianne: Det er utan tvil den didaktiske relasjonsmodellen eg kjem til å leggja mest vekt på i mi undervisningsplanlegging. Eg har stor sans for tanken bak denne, i og med at dersom ein kategori vert endra, vil dette påverka dei andre kategoriane også.

Eg er klar over at modellane me brukar er ei forenkla framstilling av røynda, men likevell er det svært viktig å planlegge. Planlegging reduserer usikkerhet og gir struktur, sjølv om ein må vera open for improvisasjon og ta utfordringar på strak arm som ein møter dei.

Mål- middel modellen til Tyler er også eit alternativ å bruka i forhold til planlegging, men eg seier meg samd i kritikarane som meinar at denne modellen igjen er for enkel i fohold til røynda.

Steinar: Eg håpar at eg som lærar kan klara å skapa gode relasjonar til elevar, kollegar, skulestyre, lokalsamfunn og alle eg måtte komma i kontakt med. Eg håpar at dette kan redusera frykt for forandring og at både eg og dei eg har kontakt med kan føla seg trygge nok til å prøva ut nye metodar til dømes i undervisningen.