Pages

tirsdag 14. oktober 2008

Jenta som byrja utforska læringsteoriar

Det var ein gang ei lita tulle som vokste seg stor og begynte på skulen for å bli klok. Ho vart til og med så vaksen at ho kunne bestemma om ho ville gå vidare på skule, og då tulla likte skule svært godt byrja ho på HSH for å bli lærar.

Lite ante ho og ingenting visste ho om den farlege ferda ho skulle begi seg ut på. HSH var full av spørsmål og svar ho helst måtte finna ut av sjølv. Det vart snakk om grunnteoriar og læringsteoriar. Dette var tema den skulelystne jenta aldri før hadde tenkt skikkeleg over, og no skulle ho ta standpunkt til behaviorisme, kognitivsme, konstruktivisme, sosiokulturelle og kollektive tankar.

Jenta hadde ikkje anna enn tidligare erfaringar, sunn fornuft og eigen læring å vega dette opp mot. Den første utfordringa ho vart møtt med var som deltakar i eitt forsøk der ho skulle mata ein hund samstundes som ho ringte med ei klokka. Ho bestod testen, og hunden starta sikla kvar gong ho ringte med klokka, enda ho ikkje ga han mat. Her lærte jenta at ein som heitte Watson hadde gjort dette før henne og kokludert med at automatiske reaksjonar gir ufrivillige responsar.
Av dette lærte ho korleis ein, dyr eller menneske, ønskjer å gjera ting for belønning. Ho lærte at likt som henne sjølv var det i menneskets natur å søke glede og unngå smerte. Av eigne erfaringar kunne ho sjå tilbake på då ho hadde vore flink til å gå tur med litleprinsen heime og fekk ti kroner for strevet. Ho kunne også hugsa tilbake på dei gongene ho hadde blitt ”straffa” når ho hadde gjort noko gale og måtte leggja seg tidleg eller rydda rommet. Resultatmessig hadde ikkje dei gongene ho hadde fått straff vore fullt like effektive.

Ho lærte av ein som kalla seg Skinner om operativ betinging der ein enten føyer til noko til situasjonen eller tar bort. Eigentleg same prinsipp som Palow og Watson, berre at her kalla ein det positiv og negativ forsterking. Ho kunne setja teorien i samanheng med då ho tidlegare hadde vore i barneskulen og ved å jobba bra på skulen hadde dei fått mindre heimearbeid:
– altså positiv forsterking, jubla jenta glad!

No hadde jenta lært om både Watson og Skinner, men det var då teoriane frå Bandura kom på bana lærarstudenten kunne finna flest trekk ho sa seg einig i. Jenta hadde sjølv gått på skulen og hugsa korleis det hadde kjenst på innsida dei gongene ho hadde blitt flau framføre klassen fordi ho hadde fått skjenn av læraren. Ho hugsa også på når læraren skrytte av henne fordi ho alltid hadde så fine bøker. Det ho kanskje hugsa best var då ho gjennom ho gjennom merksemd såg at gutane alltid blei valt først på lag i fotball. Ho hugsa dette og byrja øve heime og imitera driblinga ho hadde sett hos dei som var betre. Motivasjona var då sjølvsagt at også ho skulle bli lagt merke til og at ho skulle vera blant dei som alle ville ha med på laga sine.

Som du kanskje skjønar kan ikkje historia om den litle jenta som vart stor og ville bli lærar enda her. Jenta har framleis mange læringsteoriar og kjende teoretikarar å læra om, og etter det eg har høyrt vil utforskingsferda fortsetja i mange år framover.

7 kommentarer:

Marianne sa...

utolig bra skrevet!:) Til dags dato, er det nokon av læringsteoriane du held meir med enn andre?

Anja S sa...

Jeg misunner deg din flotte, kreative måte å skrive på. Dette var et kjempesøtt og underholdende innlegg. Jeg synes det er så fint å se at du klarer å dra paralleller mellom ditt eget liv og det vi lærer om - teori i praksis med andre ord. Gleder meg til å høre om resten av ferden!

Hauge sa...

Marianne: Det er ikkje så lett å bestemma seg for kva eg held mest med eller minst, for eg meinar at alle læringsteoriane har noko bra å komma med. Dersom alt blir sett på spissen og ein samanliknar behaviorristisk, kognitivistisk, konstruktivistisk og sosiokulurelle tankar vil eg sei meg mest einig med den siste. Denne har fokus både på det ytre og det indre, noko også eg meinar er vesentleg. Det skal likevel vera lærerikt å gå djupare inn på kvar og ein av desse teoriane, og foråpentligvis vil eg komma eitt skritt lenger i å utvikla kva eg meinar og står for.

ANja: tusen takk! Det er kjekt å få slike tilbakemeldingar!

Steinar sa...

Eg har nettopp lese "Jenta som lekte med ilden", det var ei veldig spennande bok, men det er jammen spennande å lese om "Jenta som byrja utforska læringsteoriar" også. Du viser tydeleg at du har forstått kva det handlar om. Håpar det kjem fleire innlegg i denne serien:-)

Hauge sa...

Steinar: Du skal ikkje sjå vekk frå at jenta har fleire læringsteoriar å utforska! Tusen takk for kjekk tilbakemelding:)

Anonym sa...

Flott tekst Heidi! :)
Eg tykkjer du greid godt ut om dei forskjellige læringsteoriane knytta til Pavlov, Watson, Skinner og Bandura, og skrive det på ein underhaldande måte.

Hauge sa...

Jan Egil: Så flott! Tusen takk!