Pages

torsdag 9. oktober 2008

Klasserommet som læringsarena

I ”mitt” klasserom ønskjer eg at elevane skal føla seg heima. Dei skal vera trygge på seg sjølv og dei skal vera trygge på medelevar og meg som lærar. Som det står i læreplanen ønskjer eg som lærar å ”væra heimen sin forlenga arm når det gjeld oppseding av barna”. Dette krev ein del både frå meg og elevane, og oppskrifta kan vera vanskeleg.

For at eg som lærar skal lukkast i å gjera ein god jobb er det ein del kriterium som spelar inn. At eg har gode leiareigenskapar og viser ein naturleg autoritet er eit viktig moment. Eg har sjølv vore ein klasse der enkeltelevar tok over leiarrolla og overstyrte læraren. Læringsmessig er dette ikkje bra av di ein då ikkje har respekt for kvarandre. På ei anna side er det heller ikkje bra for elevane å vera redde læraren, noko som igjen vil påverka læringsmiljø.

Læraren si oppgåve er å undervisa, men det er då viktig å ha fokus på læringsutbyttet og ikkje undervisninga. Som me har lært og som mange av oss har erfart er ikkje undervisning og læring er det same! For å skapa eit godt læringsmiljø er det også viktig at læraren kan bruka humor og at elevane har tillit til læraren. Læraren må derfor vera observant i klasserommet og interessert i den enkelte eleven. Dette vil ikkje alltid vera like lett for alle elevane vil ikkje utlevera seg lika mykje. Læraren må då gjerne bruka kunnskapar han har om elevane frå før. Ein elev der til dømes far jobbar i oljebransjen vil mest sannsynleg veta noko om dette. Eleven vil då mest sannsynleg føla meistring når han kan svara på spørsmål frå læraren som har med dette å gjera.

Dette med elevane sine interesser vil også vera viktig for korleis læraren vinklar undervisninga. Imsen og Rismark skriv i forbindelse med læringsteoriar om ein lærar som skulle undervisa om norske tradisjonssongar og valde ut Are og Odin sin variant av ”Ja, vi elsker” som innfallsvinkel på temaet. Dette synest eg illustrerte godt korleis ein kan, med ørlite kreativitet retta undervisninga direkte mot elevane.

Læraren må i tilegg til det som er blitt nemnt vera bevisst sin eige pedagogiske grunnsyn. Dette betyr også at ein må ha sjølvinnsikt. Eg veit med meg sjølv at eg har mange formbilde eg gjerna vil vera lik, men eg heiter Heidi, og då må eg vera Heidi. Både i læraryrket og i livet elles kjem ein alltid lenger dersom ein er seg sjølv fullt ut, og ikkje prøver å kopiera andre. Det er mykje betre å ha ideal og stela gode idear og bruka dei som sine eigne og ha utgangspunkt i eigne kvalitetar. Det er alltid lov å feile- det er det som skal til for å laga eigen læringsstil.

Eg håpar at dersom eg tar med meg det som er blitt nemnt saman med dei ti boda til Inge Eidsvåg og ein dose kritisk tanke, vil eg og klara å finna min eigen stil som lærar, og elevane vil føla seg heima i ”mitt” klasserom.

4 kommentarer:

Marianne sa...

Hei, verka som om du gar ein bra oppfattning om korleis du vil vera som lærar. Er det noko konkrete ting, du vil gjera for å skape eit godt læringsmiljø?

Marie sa...

hei:-)
Det ser ut som om du er ganske sikker på korleis du har tenkt å framstå som lærar. Eg er veldig einig i det du seier, og synes det er flott at du nyttar eigne erfaringar som eksempel.

Steinar sa...

Godt poeng du nemner om å bruke foreldra aktivt i undervisninga- her er det mange lærarar som har mykje å læra- for eksempel av oljearbeidardømet ditt.

Hauge sa...

Marianne: som teksten handlar om er eg lite erfaren i å vera lærar (forhåpentleg vil to veker i praksis hjelpe meg litt), men eg reflekterer over kva som må til. Blant anna meinar eg at læraren må ha respekt, og det er læraren som må ha styringa i klasseormmet. Dette betyr ikkje at læraren ikkje har humor eller kan ha det gøy med elevane, men at læraren er "sjef".
Elles er det viktig for læraren å vera seg sjølv, vera bevisst sitt eige pedagogiske grunnsyn, sjå elevane og ha evnen til å reflektera over eigen undervisning, for å nemna noko!

Marie: Takk! Det er kjekt å veta at eg ikkje er heilt på blåbærtur i mine tankar kring det å vera lærar.

Steinar: Tusen takk! Eg er sjølv dotter av ein oljearbeider om du sku hatt bruk for dette i di undervisning:p