Pages

torsdag 4. september 2008

Læraren har mange oppgåver, og eg har mange interesser


Frå eg var ei lita tulle og nett hadde utvikla ordforråd til for ikkje så lenge sidan har eg vridd meg vekk i frå spørsmålet om kva eg skal bli når eg blir stor. Då eg skulle velja linje på vidaregåande blei eg av rådgjevaren råda til å velje matte, fysikk og kjemifag, medan slekt meinte eg burde satsa på formgiving. Interessene var varierte, men eg endte altså opp på medium og kommunikasjon. Gjennom alle desse åra har det heile tida vore journalist eg har sikta meg inn mot, men då samordna opptak kom med svarbrev hadde eg takka ja til eit år i USA. Året i USA brukte eg til å ta diverse fag innanfor media og samfunnsfag og fann ut at eg var blitt glad i skulen igjen.

Dette siste året har eg verkeleg brukt tid på å finna eit svar på spørsmålet eg tidlegare har måtta vri meg unna, og no har eg endeleg funne eit svar. Eg har ikkje heilt funne ut kva eg vil bli når eg blir stor, men eg har funne ut kva eg vil utdanna meg som. 

Eg ynskjer å ta lærarutdanning fordi eg meinar dette er ei allsidig utdanning og eg har mange valfrihetar. Interessene mine varierer frå foto til bøker og engelsk. Samstundes ar eg lyst å bli kjend med pedagogikkfaget og har tru på at det eg lærer vil komma til nytte også ved fleire sider ved livet. Desse interessene meinar eg vil væra positive når eg skal tre inn i lærarrolla. 

Mange vil kanskje sei at læraren si viktigaste rolla er å undervisa og at læraren derfor må ha stor fagleg tyngde. Eg har hatt mange ulike lærarar i løpet av mine tretten år i det norske skulestystemet og meinar at det også er viktig å visa omsorg for elevane. Dette har me jo også diskutert litt i klassen, dette med at læraren skal sjå den enkelte elev.

Ved å visa omsorg for elevane meinar eg at læraren skal ha lov til å irettesetja elevane når dei er ulydige mot det læraren har bestemt at er akseptabelt i klasserommet. Dette betyr sjølvsagt at læraren si oppgåve også ein stor del vil vera å vera eit moralsk forbilde.

Eg meinar også at ei utfordring for læraren består av samarbeid med kollegar, foreldre, helseteneste, lokalsamfunn og andre organ. Dette diskuterte me jo også i klasserommet og då diskuterte me samstundes at læraren også har ansvar for leiing av klassar, elevråd og diverse team. 

Etter mitt syn har læraren mange varierte og viktige oppgåver, og eg gler meg til å ta fatt på dei. Eg gler meg til å visa omsorg, og eg gler meg til å læra i frå meg den faglege tyngda eg (forhåpentligvis) har skaffa meg etter fire år på HSH. Eg håpar at med så varierte interesser vil eg kunna bidra på fleire felt, og at eg kan ha bruk for dette i mange undervisningsfag. Eg gler meg også til samrbeid, til å vera ein leiar og til å komma på jobb og veta at den blir totalt ulik dagen før. Eg trur ein av lærarens viktigaste oppgåver vil vera å takla utfordringar, og det gler eg meg til!

3 kommentarer:

Steinar sa...

Hei! Flott illustrasjon du har funne, men 30 år går fort:-)

Den varierte bakgrunnen din er heilt sikkert ein god bakgrunn for ei god lærargjerning. Er det nokre fag du per i dag har meir lyst å undervise i enn andre? Kvifor?

Hauge sa...

Eg har lyst å undervisa i dei fleste fag! Eg har altså luksusproblem i forhold til kva fag eg skal velja vidare eller om eg vil undervisa i ungdomsskulen eller barnetrinnet.

Faget som fekk meg inn på lærarlinja var i første omgang mogleiken til å ta samfunnsfag og utviklingsstudier. Dette har alltid interessert meg og det er eit evig levande fag som eg tenkjer vil vera interessant å undervisa i. Elles har eg alltid hatt norsk som mitt yndlingsfag på skulen og meinar det burde vore fleire gode norsklærarar slik som han eg skreiv om i forige blogginnlegg. Eg ynskjer å kunna bli som han. Ikkje så langt i frå norsk ligg og engelsk, og eg meinar eg kan ha ein klar fordel sidan eg har budd eit år i USA og då kan ha lettare for å undervisa i faget.

Eit fag som har litt samanheng med samfunnsfaget er det som hette KRL då eg sjølv gjekk på skulen. Likt som med samfunnsfag er dette eit fag som eg alltid har vore fascinert av og som eg gler meg til å læra meir om sjølv på skulen til neste år.

Det siste faget eg så langt har tenkt vil vera kjekt å undervisa i er kunst og handverk. Dette fordi det skil seg ut frå andre fag og elevane slepp å konsentrere seg så mykje om teori og dei kan heller få utfolda seg kreativt. Sjølv sette eg alltid pris på dette faget som fungerte som ei slags "frisone". Eg ynskjer for mine eigne elevar at dei kan ta med seg kreativiteten også til andre fag.

Steinar sa...

Flott at du brenn for så mange og ulike fag! Du ligg an til å bli ein skikkeleg allmennlærar med dei faga!