Pages

onsdag 27. august 2008

Læraren min




I løpet av dei åra me gjekk me vidaregåande utvikla jentene i klassen min eit etter kvart ganske kjent fenomen, nemleg syklubb. Me møtte alltid opp til timane saman med lærarane, men det var snakketøyet vårt som dominerte, ikkje kritet i handa til lærarane. Det var derfor ikkje fritt for at fleire på lærarrommet hadde medynk med den eldre kollegaen som fekk i oppgåva å undervisa oss i norskfaget me skulle ha ti timar i veka.

Det syklubben vår kom til å oppleva var ein lærar som viste autoritet. Han gjekk føre som eit godt eksempel med ekte leseglede og engasjement for faget han underviste i. I løpet av dei tre årene me hadde brukt på å etablera eit sosialt liv i timane brukte han eit par minutt på å setja seg sjølv i respekt. Kvifor me gav han respekt og ingen andre veit me ikkje heilt sjølv eingong, men han hadde ein væremåte som gjorde at me fekk lyst å læra.

Mange lærarar og like mange metodar har blitt brukt for å forklara meg pensum, men for fyrste gong opplevde eg ein som nærast var faglig perfekt. Denne læraren satt inne med enorme mengder med kunnskap. I motsetning til andre som kan bruka to doble timar på å sei ingenting, brukte han lite tid på å sei mykje. Og me forstod.

Med eit altomfattande pensum var det mykje å læra seg. I vår gruppe var me van med å manipulera lærarane slik at me sjeldan måtte bevisa vår kunnskap med penn og papir. Overgangen var derfor stor når Herr streng gav ut prøvar etter kvart tema. I tilegg opplevde me oppmuntring i form av høgtlesing av dei beste stilinnleveringane og heile tida god rettleiing i kva som måtte til for å bli betre.

Eg meinar denne læraren er den beste eg har hatt fordi han heile tida fekk meg til å yta mitt beste, og aldri kvila ved tanken på at eg var god nok. "Tenk heller korleis du kan bli endå betre", og så gjorde me. Han tok oss på ei vandring der me blei kjend med lærestoffet på eit nytt plan, ikkje berre som pensum til eksamen. Det er kva eg kallar ein god lærar.

3 kommentarer:

Steinar sa...

Dette verkar absolutt som ein solid lærar med fagleg og sosial tyngde. Kva var det med veremåten hans som gjorde at han fekk autoritet og at de fekk lyst til å lære? Kan du seie noko konkret om det?

Tina Totland sa...

Hei Heidi:-)
dette synes eg at var eit kjempe bra innlegg, du skrive knall bra:-)
læraren høyrdes heilt fantastisk ut, akkurat sånn lærara ska vera.
få deg til å yta ditt besta, og virkelig motivera deg:-)
( Fin blogg:-) )

Hauge sa...

Som eg skreiv i bloggen er det vanskeleg å seie akkurat kvifor denne læraren klarte å ha oss så godt i tøylane. Eg har reflektert ein del over akkurat dette, og det er ikkje utan grunn eg brukte ordet autoritet. Denne læraren var ein person som hadde myndighet over oss, det var han som skulle veileda oss gjennom ti timar norsk i veka. Det var han som sette den avgjerande karakteren for tre år med norsk, og det var avhengig av kva me lærte av han korleis me kom til å gjere det på eksamen.

Eg trur me alle vart fokusert på at no var det alvor, og han var den som fekk oss til å innsjå at me måtte slutta å tulla. Han var streng i den forstand at me måtte teie still i timane og være forberedt på å bli spurt i lekse neste dag. Samstundes var det nett dette som måtte til for å få oss til å jobba. Eg synest ikkje han var så frykteleg god lærar alle dei gongene eg satt nedlassa i lekser, men det er slik eg har innsett i ettertid.