Pages

torsdag 11. september 2008

Kva er ein 5. klassing?


Dette er spørsmålet eg stadig vekk har stilt meg sjølv denne veka. Praksisnervene har meldt seg og tankane rullar av gårde. Eg tenkjer tilbake til då eg sjølv var ung (og dum?). Korleis var eg? Kva tenkte eg? Kva opptok meg?

Livet mitt då var ganske annleis enn kva det er no. Eg hadde vell ikkje førestilt meg då at eg skulle vera der eg er i dag, men eg kan vell heller ikkje sjå for meg i dag å vera den eg trudde då eg kom til å vera. Komplisert? Ja. 

Eg hugsar at eg var veldi oppteken av å vera populær. Dette innebar å ha dei rette kleda, og å ha dei rette vennene. Eg måtte ha den sjølvlysande grøne og svarte joggedressen frå adidas, og dess fleire plagg med tre striper, dess høgare status. Knappebuksa var intet unntak. Tankane mine vandrar derfor vidare på kva dagens 5. klassingar er oppteken av i klesvegen? Er det framleis like hipt med merkeklede? 

Som me hadde om på skulen i dag var også eg med i eit sosiogram. Eg kan endå nemna kven i klassen min som var den populære A, og kven som var stakkars D. Sjølv om eg ser på dagens 10 åringar som barn er eg redd for at eg kjem til å få meg ei overrasking i løpet av dei fire dagane me skal ut å observera. Eg luar på kor tydeleg dette kjem fram, om det er slik at ungane bevisst støyter frå seg klassekameratar i leik og gruppearbeid på skulen slik at det også er mobbing, eller om det går meir stille føre seg. Mine egne erfaringar tilseier at jentene vil gå mest psykologisk til verks. Gutane er eg meir spent på. 

Frå mi eiga glanstid veit eg at denne alderen ofte inneberer slutt på gute- og jentelus, og over til ”kameraten min ynskjer å vera kjærast med deg”. Sjølv hadde eg ein kjærast, og forholdet varte i fire dagar. Venninna mi var saman med kjærasten sin i tre år, men dei haldt aldri hender. Har dette endra seg noko? Kva snakkar dei om? Kven leikar dei med? 

Neste spørsmål eg har stilt meg er kva leikar ein 5. klassing med? I mi tid var det ikkje leik, det var sport. Dersom ein ikkje gjekk på fotball var ein ikkje kul. I kvart friminutt spelte me fotball, og var fotballbanen oppteken spelte me brentball, slåball eller takhys. Aller helst ville me jo spela fotball, men det gjaldt sjølvsagt å komma på lag med dei rette personane. Det var alltid to personar (dei mest populære, A og E) som valte lag, og det var ikkje kjekt å bli ståande igjen til slutt. 

Eg har store forventningar til praksis, og forhåpentlegvis har eg litt betre kjennskap til kva som føregår i ein 10-åring sitt liv når neste veka er ferdig. 

3 kommentarer:

Anders sin pedagogikkblogg sa...

Du stiller deg mange gode spørsmål, Heidi. Eg trur du kjem til å få mange svar i observasjonspraksisen. Du drar fram forskjellen frå før til i dag, det er absolutt interessant, noko eg ikkje kom på før eg leste bloggen din=)

Lukke til i praksis!

Steinar sa...

Hei!
Eg er heilt enign med Anders at det er smart å la observasjonane ta utgangspunkt i dine eigne erfaringar frå skulen. Då kan du få fram fine kontrastar, eller forsåvidt mangel på slike.

Lukke til!

Borghild sa...

Det var en skikkelig koslig tekst du hadde skrevet! Tror det er veldig mangen som kjenner seg igjen i akkurat det der, og ja det kommer til å bli utrolig morsomt når vi skal ut i praksis å se hvordan skolelivet har endret seg! Jeg for min del skal være på 7.trinn. Den gang da følte jeg meg så stor, mon tro om de faktisk er så store??