Pages

søndag 15. februar 2009

Vegen for å nå våre mål

Då eg va lita jente med rosa band rundt flettene som matcha sykkelen med den fine kvite korga hadde eg enkle mål for livet mitt. Eg skulle byggja meg eit stort flott slott i hagen til mamma og pappa og eg skulle jobba som frisør. Alle unge jenters drøm!

No har det seg slik at litle meg har vokse seg litt større. Eg har veksla frå å villa flytta til Afrika å hjelpa dei fattige frå å flytta til Hollywood og bli berømt. Draumen om USA har eg allereie prøvd ut, men banda mine til heimlandet drog meg snart heim igjen. Poenget er at det eg vil for livet mitt endrar seg heile tida, etter kvart som eg veks til og eg forandrar meg. Gunn Imsen snakkar om akkurat dette på side 375 i Elevens verden, bere at ho skildrar motivasjon:
”Det som forårsaker aktivitet hos individet, det som holder denne
aktiviteten ved like, og det som gir den mål og mening”

No har det seg slik at etter draumen om prinsesseslott i hagen til han far viste seg å vera litt urealistisk har eg ikkje klart å setja ord på kva eg ynskjer å føra opp under rubrikken ”yrke” i diverse skjema. Eg har derfor brukt litt tid på å finna rett motivasjon for vidare utforming av livet. Pengar, makt og posisjon var ei stund ein ytre motivasjon og ferda gjekk til BI i Stavanger der kleskoden var dress og laptop. Eg byrja med pugging av formlar i bedriftsøkonomi som eg eigentleg ikkje skjønte noko av, dreve av tanken på at eg ein dag skulle bli rik. Den ytre motivasjonen som dreiv meg haldt ikkje lenger enn i eit halvt år, og det vart takk og farvel til eiendomsmeglartittelen.

Når eg no siktar meg mot læraryrket ser eg mykje lysare på framtida. Eg har interesse for det eg lærer og det kjennest meiningsfullt det eg held på med. Eg kan då samstemma med Imsen om at det er eit ideal at også elevane i skulen skal arbeida og læra ut i frå indre motivasjon, sjølv om skulen sin form for belønning med karakterar ofte kan føra til at den ytre motivasjonen blir vel så dominerande.

I behovshierkiet til Maslow er eitt av dei grunnleggjande behova behov for anerkjennelse. Her kjem også omgrepet prestasjonsmotivasjon, som er trongen me har til å utføra noko som er bra i forhold til ein gitt standard. Dette er ei positiv haldning til å mestra i seg sjølv, og ikkje fordi det er snakk om belønning. Det er altså snakk om indre motivasjon.

Ein person som er i ein prestasjonssituasjon vil alltid måla opp angsten for å mislykkast mot lysten til å lykkast. Prestasjonsmotivasjon beror på både indre personlegdomtrekk og korleis personen oppfattar den ytre situasjonen. Atkinson har laga ein modell for dette der det går fram at dei middels vanskelege oppgåvene som er: mest motiverande for elevar med sterkt meistringsmotiv og minst motiverande for elevar med sterk angst for å mislykkast.

Det er etter kvart kome fram fleire ulike metodar for å unngå nederlag, og for å maksimera sjansen for å lykkast. Serleg den siste kjenner eg meg godt igjen i, og i følgje Imsen er dei flittige streberane ofta representert i lærarutdanninga. For å bruka meg sjølv som eksempel igjen kan eg nemna nokre av blogginnlegga her inne som eksempel på der eg har prøvd å overinnfri krava for å forsikra meg om at eg lykkast. Eg trur også mange av studentane i A1 kan kjenna seg igjen i at det er mykje personleg prestisje i dei oppgåvene me har utført.

No skal ikkje eg skryta på meg at eg har så stor kjennskap til korleis det er å leva i eit u-land, eller korleis det er å vera farga og leva i ghettoen, men det eg veit er at alle er ulike. Dei stakkars små som me ser på reklamen som fortel om at dei kvar dag lurar på korleis dei skal få tak i mat har andre mål enn kva eg har, og det same gjeld Britney Spears og Ari Behn. Dette inngår i tilpassa opplæring og at ingen er like og må behandlast der etter. Om alle teoriane som er utvikla for motivasjon ikkje samsvarer for alle trur eg likevel me har ein felles veg for å nå våre mål, nemleg motivasjon.

8 kommentarer:

Anja S sa...

Jeg er målløs! Du er en fantastisk flink skribent. Du hadde min fulle oppmerksomhet fra første til siste bokstav. Well done!

Hauge sa...

Du gir meg ufortjent god ros Anja, men tusen takk skal du ha!

Anders sin pedagogikkblogg sa...

Hei, Heidi!

Kvifor meiner du gode ord Anja er ufortent? Allereie her er me innpå noko som står sentralt innafor begrepet motivasjon. Hugsar du det?

Eg tykkjer du har flott språk, og teksten din har mange gode poeng. Du nytter deg sjølv som samanlikning, og det gjev inntrykk av at du ser samanhengen mellom teori og praksis. Det er ein viktig dugleik lærarar må ha. Bra!

Du skriv;
"I behovshierkiet til Maslow er eitt av dei grunnleggjande behova behov for anerkjennelse. Her kjem også omgrepet prestasjonsmotivasjon..."

Denne vinklinga var heilt ny for meg, men du har eit viktig poeng her. Eg trur me alle lev livet egoistisk i den form at me treng aksept, anerkjenning frå andre. Me treng bekreftelse på handlingane våre. Det å sjå dette poenget gjennom Maslow sin modell er bra gjort, altså!

Eg trur òg at motivasjon er noko som er felles for alle, uansett kven me er, Per eller Pål, må kvar og ein ha ein drivkraft bak handlingane for at dei skal gjerast hundre prosent.

Det å få elevar til å gjere noko på skulen trur eg ikkje er problemet. Det er det å få dei til å leggje sjela i handlinga som er utfordringa. Motivasjon er nykkelen absolutt.

Eg rådar deg til å nytte meir fagspråk i tekstane dine. På ei side er det viktig å forklare enkelt, men på den andre sida tykkjer eg fagspråket er viktig fordi det auker den metareflektive verdien av bloggen, samt gjer det enklare for deg å sjå samanhengar mellom ulike teoriar og sidesprang. Ein kan tenkje seg eit nytt begrep som ei ny fotballfinte. Har ein først lært seg ei ny finte, finn ein ut at den kan nyttast i fleire situasjonar enn det som var planen.

Du er ein veldig flink bloggar, Heidi, og det må du fortsette med. Hugs å ivareta den lettleste stilen din og dei gode eksempla du nytter.


- Anders

Esben sa...

Hei Heidi,

Da skal jeg prøve meg på 2 stars & 1 wish:-)

Første stjerna: Jeg synes du skriver på en lettleselig og morsom måte, noe som får deg til å le samtidig som man skjønner alvoret i det du formidler.

Andre stjerna: Jeg tror du har rett når du sier at idealet på skolen bør være å arbeide og lære ut i fra den indre motivasjonen.

Og så var det ønsket da:
Jeg skulle ønske du kunne utdype litt mer om hvorfor det er de middels vanskelige oppgavene som er både de mest motiverendes, samt minst motiverendes?

Ellers så får stjerner være stjerner og ønsker være ønsker....syns du er flinke jeg....syns det er viktig med ros og:-)

Hauge sa...

Anders: Tusen takk for kommentar, du er flink til å lesa og kommentera andre sine bloggar! Me skulle alle vore mykje flinkare til dette. Eg skal ta til meg rådet om å bruka meir fagspråk. Om du ynskjer ein forklaring på kvifor teksten har mindre fagspråk i seg så er det eit ledd i min eigen læringsprosess der eg prøver å omsetja Imsen til eige språk.

Espen: Two stars and a wish:) Då kan eg byrja med å gi deg litt ros med det same, du begrunnar både ros og råd godt, og det set eg pris på! Du har nok eit poeng i at eg kunne ha utdypa atkinson noko, både for betre forståing for meg sjølv, og andre!

Steinar sa...

Det er interessant for meg og dei andre lesarane å lese om korleis din motivasjon har endra seg over relativt få år mot totalt ulike målsetjingar. Kva årsaker trur du kan liggje bak dette? Har alle måla i like stor grad vore dine, eller er har dei vore påvirka av andre faktorar?

Svaret på det spørsmålet er også interessant i forhold til kva rolle du som lærar kan ha i skulen. Trur du det går an å motivere alle dei ulike elevane i ei bestemt retning? I så fall, kva trur du er viktig for å få det til?

Hauge sa...

Steinar: Midt i ei tid med skrivesperre og snart tid for innlevering av motivasjonsoppgåva kjem du med ganske relevante spørsmål. Om eg har vorte påverka av andre faktorar opp i gjennom er eg ganske sikker på. Eg trur også dette er nokså likt mange andre i samme alder. Ein er ikkje endå sikker på kva ein sjølv verkeleg ynskjer, og det er då så lett å ta imot velmeinande råd. Så sant ein sjølv ikkje har ei verkeleg stor interesse, eller eit stort talent for noko trur eg det er mange som omtrent tek loddtrekning for vidare utvikling. Eg trur også faktorane som påverkar livssituasjonen er med på dette, som venner, kjerast, foreldre, og læraren.
Dette fører meg over på ditt andre spørsmål, som eg faktisk trur går an. Eg trur at med list og ein god tone kan ein lærar påverka alle elevane i ei bestemt retning. Det gjeld berre å trykka på dei rette knappane, som ofte både kan vera foreldre og dei elevane som "har mest å sei" i klassen. Slik det har vore i mi tid vil elevane støtta seg på kvarandre, og då er dei anten med eller mot læraren. Det kan henda det berre er ein eller to elevar som bestemmer kva dei andre skal meina, og då er det lurt av læraren å gjera saka det skal motiverast for tiltalandes for denne eleven.

Steinar sa...

Interessant at du skriv st du kan påverka med "list (og god tone)", dette viser igjen at etiske sider kjem inn i lærarkvardagen frå ulike vinklar.