Pages

lørdag 28. februar 2009

Samson blir vurdert

For ein liten tass som Samson kan verda vera både skummel og spanandes på ei og same tid. Samson og eg har vore venner i snart fem dagar. Kvar dag har me lært noko nytt saman, både med kvarandre og om kvarandre. Litt etter kvart som me lærer og utforskar klarar me å bli trygge på omgivnadane og kvarandre.
Samson har ein liten skavank. Kanskje to, og det er då kanskje ikkje så vanskeleg for dei som har kjenningar liknande Samson å lesa mellom linjene: Det er sjølvsagt bimmelim og bommelom det er snakk om. Ein pitteliten mage kan ikkje holda inne så mykje som dei store magane kan, og det må ut! Midt på teppet! Og sjølvsagt må det også ut midt på natta før fuglane har tenkt å gjera sitt fornødne. Det har derfor blitt både seine og tidlege (er det seint eller tidleg kl 03.30?) turar ut for oss to, i eit forsøk på å gjera noko med skavanken.

Det eg og Samson har utprøvd på våre turar i graset er så enkelt at eg kunne komme på det sjølv, om eg hadde tenkt meg om. ”Two stars and a wish” kvar gong det kjem noko ut bak. Sidan Samson ikkje har lært seg å lesa endå, får han tilbakemelding gitt munnleg. Då er det eg som går bak han blant grasstråa og ropar: flink Samson! (bimmelim) flink Samson! (bommelom), og ”nei, Samson! Ikkje et din eigen bæsj!”. To stjerner for ros, og eit ønske.

No har det seg slik at denne forma for vurdering blei presentert for oss i A1 i uke 8 med tanke på vurdering for læring, i staden for den tidlegare vurdering av læring. I staden for at eg føretek ei summativ vurdering av det som har komme ut bakenden i løpet av den siste veka, føretek eg ei formativ vurdering undervegs som Samson har behov for å gjera frå seg. Med summativ vurdering ville Samson lært at det er bra han har fått gjort frå seg denne veka, det kan han fortsetja med. Dette er jo i og for seg vel og bra, men det finnes noko endå betre. Formativ vurdering vil derimot læra Samson at han ikkje får gjera frå seg inne, og han skal ikkje eta sitt eige avfall. Me har ein betre læringsfremmjande prosess undervegs, og Samson lærer at avføringsprosessen hans er noko han må jobba ”litt” meir med.

Det er sjølvsagt ikkje berre Samson som burde bli vurdert på denne måten. Elevane i skulen i dag har kanskje ikkje same problem som Samson, men dei skal likevel bli vurdert mykje i løpet av sin skulegong. Sjølv om eg kjenner meg sjølv og veit at det er keisamt å levera noko inn som ein alltid får beskjed om at kan gjerast betre, veit eg også at det er dette ein vil få læringsutbytte av. Dette trur eg er viktig at læraren gjer elevane bevisst på også.

Som me har snakka om i samband med elevane sitt sjølvbilete og motivasjon er det ekstremt viktig å gi elevane ros når dei har fortent det, og derfor må ein heller ikkje gløyma dei to stjernene. For meg og Samson er ofte stjernene dei som er viktigast for at han skal utvikla eit forhold til meg som ein signifikant vaksen, og at det eg seier har noko å sei for hans vidare oppførsel. Samson får korte og konsise tilbakemeldingar som framhevar dei positive eigenskapane hans. Eg vel å overføra dette til skulesamanheng der læraren er den signifikante vaksne som er betydningsfull for elevane.

Som kommande lærarar ynskjer eg at elevane skal ha same syn på meg som Samson har. Han veit kven han kan klamra seg fast til om noko er skummelt, og det er meg han føl etter når eg seier ”kom”. Eg vil vera oppmerksam på elevane mine, og eg ynskjer å sjå den enkelte der dei er og eg ynskjer at mine tilbakemeldingar skal vera læringsfremmjande. Eg håpar bere ikkje mine framtidige elevar klør like mykje i munnen som Samson, for der har eg ikkje noko pedagogisk triks endå.

12 kommentarer:

Anja S sa...

Du er helt enkelt fantastisk flink til å relatere teorien til ditt eget liv. Dette er noe jeg misunner deg. Utrolig levende tekst, som med en gang fanget min oppmerksomhet. Dette er du virkelig god til, Heidi!

Hauge sa...

Ja, stakkars Samson, han kjem heilt sikkert til å bli offer for mykje pedagogiske utprøvingar:) Og du Anja, du er utruleg god til å gi kjekke tilbakemeldingar! Tusen takk for det!

Einars blogg sa...

Heei:)

Sitter i Tyrkia nå med veldig dårlig tilgang til pc og nett.. Håper det går bra at senest søndag denne uka, håper jeg skal gå klart det før. Igjen håper det går greit:)

Einars blogg sa...

skrive problemer i tyrkia så jeg etter jeg leste kommentaren:P var så klart tilbake meldingen det var snakk om:)

Hauge sa...

heihei! Det går helt fint! Ingen problem for meg! Nyt solen og ta den gjerne med deg hjem!!

Einars blogg sa...

Vell hjemme i kalde Norge så kommer kommentaren:) Jeg er helt enig med Anja at er flink til å relatere det til ditt eget liv og til noe som mange opplever, noe som igjen fører til at det blir lettere å forstå. For min del blir det mye lettere å forstå viss du kan relatere fagstoffet til noe som du kjenner til, og det synest jeg som sagt at du gjør på en helt strålende måte her.


Enda en ting jeg syns var super er måten du skriver på og formulerer deg på. Du gjør teksten gøy å lese og du klarer å fange leserens oppmerksomhet gjennom hvordan du formulere teksten.

Så var det dette med et ønske da. Prøvde lenge å finne et ønske, men ønske mitt blir rett og slett forsett og skriv slike tekster som man kan relatere til daglige ting. For jeg synst denne teksten var utrolig gøy å lese til å være fagrelatert stoff.

Hauge sa...

Den tilbakemeldinga var vel verdt og venta på:)
Tusen takk! Det kan til tider vera bra for motivasjonen min å få slike tilbakemeldingar!

Sissel S.G. sa...

Hei, Heidi. Myser rundt i bloggane i kveld for å bli inspirert, og det vart eg absolutt. Festleg innlegg du har, og du fekk absolutt fram forskjellen på vurdering for og av læring! Stå på. Samson fatter poenget til slutt, men det vert sikkert fleire "trivelege" natturer på dåke. Elles kan det bli spennande å prøva ut pedagogiske tankar på Samson: Det som fungerer på ungar fungerer ofte på hundar og - og omvendt. Behova for å bli sett og verdsatt, og å få anerkjenning er ofte like stort både for to og firbeinte ( Eg har vore omgitt av begge deler i mange år, og hunden eg har no trur på alvor at ho er eit av mine barn...).

Eg likte godt din samanlikning av forholdet mellom deg og Samson og forholdet mellom elev og lærar. Det er vel slik me håpar framtida vår vil bli.

Hauge sa...

Hei Sissel! Så flott å få respons frå nokon som så absolutt har kunnskapen og erfaringa eg manglar til både hunde- og barneoppdragelse!

Eg sko gjerna likt å møtt "barnet" ditt! For min del høyres da ut som du har gjort ein god jobb med å oppdra både tobeinte og firbeinte!

Steinar sa...

Det er absolutt interessant å samanlikna dyr og menneske når det gjeld både læring og motivasjon. Vurdering av begge desse må jo også gjerast, så utgangspunktet i Samson er relevant.

Utgangspunktet mitt er at "Two stars and a wish"- metoden forhåpentlegvis kan fungere på menneske, men ikkje på dyr. Kvifor ikkje? Eller vil du argumentere mot det?

Hauge sa...

I samson sitt tilfelle må han lærast rett og gale gjennom handling. Desverre skjønar han ikkje ord, og når han syns det er greit å gjera frå seg bak tv og eg blir oppgitt forstår han ikkje kvifor eg vert oppgitt. Han må lærast opp at det som skal ut må komma ut i naturen, ikkje i stova, og dette lærer han berre med handling. Dette betyr at som hundeeigar må eg helst komma hunden i forkjøpet å ta han med ut etter han har sove, spist eller vore heilt rabiat! det kan også hjelpa å ta han med ut sjølv om han allereie har gjort frå seg inne, og forhåpentlegvis etter ei stund vil han av seg sjølv gi beskjed når han vil ut.

Heldigvis er ungane i skulen meir samansett enn kva Samson er, og vil visa evne til forbetring og kunna ta til seg tilbakemelding. Derfor er eg samd i at "two stars and a wish" ikkje har same effekt på dyr som menneske. Eg trur likevell dyr er på same måte som oss menneske opptekne av å få ros. Samson vil mykje heller sitta på fanget og få kos enn å liggja i buret sitt. Når han byrjar å bita (stakkarsen klør i munnen sin) får han ikkje merksemd, og skjænar at om han vil ha kos og ros må han vera snill gutt!

Steinar sa...

Ja, behaviorismen blei jo også utvikla med utgangspunkt i dressering av dyr - så Samson vil nok lære etter kvart!