Pages

søndag 1. februar 2009

Ei bru, fire jenter og eit eventyrleg prosjekt

Det var ein gong fire jenter som fekk i oppgåva å byggja ei bru. Brua skulle ha eit spenn på 40 centimeter og det skulle vera ei hengebru. Jentene leste oppgåva med iver, men før dei fekk setja i gong med eigne konstruksjonar reiste dei over sju lange og sju breie, under ein tunell og over ei bru. Brua skulle bli til inspirasjon for den dei snart skulle til med å laga.På HSH dei møtte, og her dei om bruer fekk læra. Av Merete Økland Sortland dei lærte at trekantar har ein stabilitet som firkantar berre kan drøyma om. Fagverksbru, klopp og hengebru dei fekk sjå, og med fyrstikker i bagasjen dei til Haugesund kunne gå.

I byn dei erfarte kor mykje tid det kunne ta, å gjera som alle sa. Mange meiningar det var, om framgangsmåte, design og komposisjon. Fleire timar, og dagar til- dette prosjektet skapte kompetanse og etterpåklokskap dertil. Teamwork og teambuilding gjekk frå å vera to ulike omgrep til å smelta saman til eitt. Som på euroen det er bilete av ei bru, gruppa byggde relasjonar og blei brakt nærare kvarandre. Dei fire jentene lærte seg å fokusera på kvarandre sine sterke sider, og alle fekk bidra med sine gode eigenskapar. Den kloke, den estetiske, perfeksjonisten og den impulsive fekk bidra med kvar sitt.

Jentene arbeida lenge og vel, og med stor tolmod av skoesker byrja med sitt produkt. Heidi og Silje målte og skar ut papp, Anja og Aina laga vegbane av tape og fyrstikker. Mellom søylene måtte brua få ein bærebjelke, som også blei til ved hjelp av papp og tape, Dei fire jentene var alle einige om å fargeleggja brua for å gjera henne mest mogeleg synleg i terrenget, og valet falt då på den kongelege raudfargen. Lightning brigde skulle bli til, og som i alle eventyr var det mange hinder på vegen før målet var nådd.


Undervegs i prosessen delte prinsessene på å vera fotografar slik at Heidi hadde gode bilde laga manual av. Den eventyrlige manualen måtte matche brua og blei laga undervegs. Når polyonane var ferdig tørka festa Heidi og Silje dei fast i bakken, som Anja og Aina allereie hadde limt og malt sjø på. Silje plukka stein og limte på grunnflata medan Anja og Aina byrja på fagteksten.
Medan Heidi malte bakgrunn og laga vegetasjon på vegen festa resten vegbanen til polyonane og laga wirer på sidene. Brua var no ferdigstilt og dei stolte hønene kunne endeleg fotografera ferdig resultat. Trollet var beiseira så no kunne Anja fritt ferdigstilla fagteksten til neste dag, og Heidi kunne laga ferdig både manual og film til framsyning. Gruppa diskuterte undervisningsopplegg som blei skreve ferdig av dei to siste. Framsyninga blei planlagd og jentene kunne sei seg fornøgde med alt dei hadde overvunne.

Då dagen for gjennomføring i praksis kom var det dessverre ikkje alt som gjekk som det skulle for dei flinke jentene. I det planlagde opplegget skulle brua besta av coctailpinner og erter, men praksisskulen hadde ikkje kjøpt inn nok erter og ei naudløysing vart bruk av plastilina. Elevane gav utrykk for at dei hadde ein kjekk dag, sjølv om plastilinaen ikkje haldt konstruksjonane like godt som ertene.

Alt i alt har prosjektet lært Heidi mykje både fagleg, didaktisk og ikkje minst sosialt. Hadde dei fira jentene fått beskjed om å laga ei tilsvarande bru i dag hadde det vore mykje som hadde blitt gjort annleis, og jentene hadde om mogeleg tenkt meir på å laga noko som kunne vera realistisk å gjennomføra i praksis. Den flotte Lightning bridge vart utruleg flott (synest jentene sjølv), men i ein 5. Klasse på 28 elevar er det urealistisk å laga noko så omfattande.

Heidi hadde spart seg sjølv for frustrasjon dersom retningslinjene for prosjektet hadde vore klarare, blant anna med tanke på kva som skulle skje på praksisdagen. Samstundes kan refleksjonane visa til kor mykje lærdom ein kan dra ut av alt som gjekk gale. Elevane merka ingenting til om eventyrdagen Heidi hadde førestilt seg ikkje blei som han skulle, dei hadde ein kjekk dag der dei med andre typar utfordringar.

Tidsbruken på prosjektet har etter Heidi sin meining vore knapp, og informasjon gitt på førehand har vore mangelfull. Vegen for å nå målet har til tider vore svært svinget, men som i alle eventyr har det hatt ein happy ending. Heidi sit igjen med ei kjensle lik 5. Klassen på Hauge skule, om at dette har vore lærerikt og spanande, og det er kjekt å erfara skule utanom det vanlege.

Snipp, snapp, snute, der var prosjektet ute.

3 kommentarer:

Steinar sa...

Innlegget får greitt fram prosessen de har gjennomgått frå start til slutt.

Ein del av refleksjonane kunne gjerne vore utdjupa, kva var det for eksempel som gjorde at teamwork og teambuilding smelta saman?

Det er også interessant at alt ikkje gjekk som planlagt på praksisdagen. Kva lærdom er å trekkje av det?

Elevane gav uttrykk for at dei hadde hatt det kjekt, men kva lærte dei? Kva kunne eventuelt vore gjort for å heve læringsutbytet?

Hauge sa...

Teamwork og teambuilding vart smelta saman fordi me no var nødd til å fokusera på kvarandre sine styrker, og ikkje henga oss opp i ting me var ueinige om. Det var mykje av arbeidet med brua me hadde ulike meiningar om, men på grunn av knapp tid og ynskje om å få eit ferdig produkt var me alle innstilte på å strekkja oss litt lenger. Derfor ved å fokusera på det positiva lærte me også kvarandre betre å kjenna.

Før praksisdagen var det mykje som var usikkert, både med tanke på om me hadde for langt eller for kort opplegg. og med tanke på det praktiske om kven som skulle handla inn. Mykje av dette prega hvertfall meg då me møtte på Hauge skule og ertene me skulle bruka i konstruksjonane var blitt tildelte ei anna gruppa og me måtte bruka plastelina i staden. i byrjinga gjekk dette greit, men dei få gruppene som fekk bruka erter fekk mykje betre konstruksjonar, noko elevane sjølv såg og irriterte seg over. opplegget i seg sjølv var bra, men til ein anna gong vil eg setja saman elevgruppene betre med tanke på samarbeid dei i mellom.

Lærdommen eg har trekt ut av praksisdagen er at i skulen er det alltid ting som kan gå gale, og ikkje alt går som planlagt. Mykje kan opplevast som kaotisk, og det er ikkje alltid det læringsutbyttet ein har tenkt ut på førehand som blir det elevane erfarer.

Eg vil påstå å sei elevane fekk ei god innføring i bruer denne dagen, og forhåpentlegvis hugsar dei denne dagen godt. Me kunne ha snudd om på dagen og brukt ein meir induktiv læringsmetode som kanskje ville ha auka læringsutbyttet. Likevel trur eg me gjorde ein god jobb i byrjinga av dagen med å motivera elevane for vidare arbeid. Hadde me hatt fleire dagar på oss kunne me laga fleire bruer, og elevane ville ha lært av både sine eigne og andre sine feil. Hadde me hatt større plass kunne me delt klassen i to og på ulike rom og ein ville fått komt mykje lenger.

Eg vil påstå å sei at alle elevane til slutt lærte at trekantar er mykje sterkare enn firkantar når ein skal laga ein kon struksjon. Elevane fekk trening i samarbeid, om enn dette ikkje gjekk like godt på alle gruppene. Samarbeid er ikkje ein utbreidd arbeidsmetode i denne klassen, men absolutt noko som burde vore fokusert meir på.

Ein del av elevane lærte at plastelina vert mjukare til meir ein jobbar med det og då ikkje er like godt å byggja med, og nokon elevar begynte å laga figurar og bilar til konstruksjonen når resten av gruppa sette saman brua. Altså dei såg sjølv nye oppgåver som kunne gjerast, noko eg likte godt.

Heilt til slutt fekk gruppene presentera bruene sine for kvarandre, og sjølv om ein del elevar meldte seg ut var alle elvane stolte av å visa fram sine produkt. Elevane fekk også trening i å komma med konstruktiv kritikk til kvarandre!

Steinar sa...

Det at ting ikkje går som ein har planlagt, er ein nyttig erfaring å ta med seg vidare. På den måten kan eit tilsynelatande "mislukka" opplegg være lærerikt dt også. Det er nyttig innsikt!