Denne vandringa har vore lang,
Jenta har utforska teoriar med store sprang
Sosiokulturelle læringsteoriar brukar språket
Læring gjennom samarbeid, slik Vygotsky håpet
Vygotsky, russisk psykolog
Studerte læring, og var tenkande pedagog
Den nærmaste utviklingssona viser mogleikane elevane har
Sona er dynamisk og endrar seg med reiskapane til eleven som kar
Undervisninga må leggjast på eit høgare nivå
For nye grenser å strekkja seg mot, eleven må
Bruner innførte scaffolding i ein spiral
Eleven får hjelp og støtte i læringas mal
Til meir problematisk oppgåva er
Eleven av læraren hjelp får, til elven ser
Eleven får gradvis meir ansvar
Og læraren fadar til den stille ”far”
Situated læring og imitasjon
Lærlingen lærer på sin egen stasjon
Språket er skapt av samfunnet og blir våre briller
Det er dette som avgjer korleis me tenkjer om biller
For born er språket og handlinga ein del av same situasjon
”- ta spade, lage kake” blir begrep som fyller ein funksjon
Innover for tanken er språket viktig som funksjon
Språket reiskap er utover for kommunikasjon
Tileigning av tankar frå den ytre kultur
Og omforming av tankar frå utan å bli sur
Elevane lærer gjennom virksomhet
Med mål og meining og ved hjelp av aktivitet
Jenta mange tankar har
Desse til hjelp for språket var
9 kommentarer:
Dette syntest eg var veldig bra,
ny kunskap til meg, takk ska du ha!
Føken Heidi,ein diktar av rang,
kunne hørt de om igjen gang på gang
Ja du heidi, du får det te,
dette syntes eg var ein kjempe ide.
Kanskje eg og ska bjyne skrive dikt
for dette trur eg blir godt likt:)
Hei Heidi:-)
Du er så kreativ!!!:-D
dette var kjempa bra, og ikkje minst lærerikt. Du skrive kjempe bra, å vise at du har god forståelse for da me helde på med:-)
Ole Johannes:
Tusen hjertelig
du skriver slett ikke smertelig:p
Tina:
Flott du synest det var lærerikt, for eg var redd lærdommen forsvann saman med mine stakkarslige rim!
Hei
Nok en gang et flott innlegg =) Virker som du bruker mye tid på å lete etter lærerikt stoff og ikke minst på å finne ord som passer til rimene. Når det er skrevet på denne måten, tar innlegget oppmerksomhet min og det fører til leselyst når jeg først kommer inn på bloggen din.
Fortsett med det fine arbeidet!
Jan Even
HeI!
Variasjon er bra, og rim er heilt klart ein effektiv kognitiv strategi også.
I kva grad er du einig denne utsegna:
"Språket er grensa for mine tankar"
Jan Even: Det var kjekt å få tilbakemelding på! Tusen takk :)
Steinar: Eg har brukt helga på å tenkja på utsegna di, og eg har konkludert med at eg er ueinig. Eg trur at me kan tenkja lenger enn me har språk til. Ta for eksempel personar med downs eller hjerneskadde personar, eg trur dei har mange djupe tankar som ikkje kjem tydeleg fram. Eg meinar at språk og tanke ikkje er det same, så vel som språk og kommunikasjon, og tanke og kommunikasjon.
For er det ikkje slik at me tenkjer ofte djupare enn kva me har språk til å beskriva!?
Interessant svar, du har nok mykje rett i det! Eg og trur og håpar at me kan tenkje lengre enn språket tillet oss........
eg håpar det! men det er mine tankar.. for nokon kan vell språk og tanke bli som høna og egget. Kva kom først?
Nokon må vell ha tenkt at me trong eit språk?
Det med egget får nokon andre ta seg av :)
Legg inn en kommentar