Samson har ein liten skavank. Kanskje to, og det er då kanskje ikkje så vanskeleg for dei som har kjenningar liknande Samson å lesa mellom linjene: Det er sjølvsagt bimmelim og bommelom det er snakk om. Ein pitteliten mage kan ikkje holda inne så mykje som dei store magane kan, og det må ut! Midt på teppet! Og sjølvsagt må det også ut midt på natta før fuglane har tenkt å gjera sitt fornødne. Det har derfor blitt både seine og tidlege (er det seint eller tidleg kl 03.30?) turar ut for oss to, i eit forsøk på å gjera noko med skavanken.
Det eg og Samson har utprøvd på våre turar i graset er så enkelt at eg kunne komme på det sjølv, om eg hadde tenkt meg om. ”Two stars and a wish” kvar gong det kjem noko ut bak. Sidan Samson ikkje har lært seg å lesa endå, får han tilbakemelding gitt munnleg. Då er det eg som går bak han blant grasstråa og ropar: flink Samson! (bimmelim) flink Samson! (bommelom), og ”nei, Samson! Ikkje et din eigen bæsj!”. To stjerner for ros, og eit ønske.
No har det seg slik at denne forma for vurdering blei presentert for oss i A1 i uke 8 med tanke på vurdering for læring, i staden for den tidlegare vurdering av læring. I staden for at eg føretek ei summativ vurdering av det som har komme ut bakenden i løpet av den siste veka, føretek eg ei formativ vurdering undervegs som Samson har behov for å gjera frå seg. Med summativ vurdering ville Samson lært at det er bra han har fått gjort frå seg denne veka, det kan han fortsetja med. Dette er jo i og for seg vel og bra, men det finnes noko endå betre. Formativ vurdering vil derimot læra Samson at han ikkje får gjera frå seg inne, og han skal ikkje eta sitt eige avfall. Me har ein betre læringsfremmjande prosess undervegs, og Samson lærer at avføringsprosessen hans er noko han må jobba ”litt” meir med.
Det er sjølvsagt ikkje berre Samson som burde bli vurdert på denne måten. Elevane i skulen i dag har kanskje ikkje same problem som Samson, men dei skal likevel bli vurdert mykje i løpet av sin skulegong. Sjølv om eg kjenner meg sjølv og veit at det er keisamt å levera noko inn som ein alltid får beskjed om at kan gjerast betre, veit eg også at det er dette ein vil få læringsutbytte av. Dette trur eg er viktig at læraren gjer elevane bevisst på også.
Som me har snakka om i samband med elevane sitt sjølvbilete og motivasjon er det ekstremt viktig å gi elevane ros når dei har fortent det, og derfor må ein heller ikkje gløyma dei to stjernene. For meg og Samson er ofte stjernene dei som er viktigast for at han skal utvikla eit forhold til meg som ein signifikant vaksen, og at det eg seier har noko å sei for hans vidare oppførsel. Samson får korte og konsise tilbakemeldingar som framhevar dei positive eigenskapane hans. Eg vel å overføra dette til skulesamanheng der læraren er den signifikante vaksne som er betydningsfull for elevane.
Som kommande lærarar ynskjer eg at elevane skal ha same syn på meg som Samson har. Han veit kven han kan klamra seg fast til om noko er skummelt, og det er meg han føl etter når eg seier ”kom”. Eg vil vera oppmerksam på elevane mine, og eg ynskjer å sjå den enkelte der dei er og eg ynskjer at mine tilbakemeldingar skal vera læringsfremmjande. Eg håpar bere ikkje mine framtidige elevar klør like mykje i munnen som Samson, for der har eg ikkje noko pedagogisk triks endå.