Pages

onsdag 27. august 2008

Læraren min




I løpet av dei åra me gjekk me vidaregåande utvikla jentene i klassen min eit etter kvart ganske kjent fenomen, nemleg syklubb. Me møtte alltid opp til timane saman med lærarane, men det var snakketøyet vårt som dominerte, ikkje kritet i handa til lærarane. Det var derfor ikkje fritt for at fleire på lærarrommet hadde medynk med den eldre kollegaen som fekk i oppgåva å undervisa oss i norskfaget me skulle ha ti timar i veka.

Det syklubben vår kom til å oppleva var ein lærar som viste autoritet. Han gjekk føre som eit godt eksempel med ekte leseglede og engasjement for faget han underviste i. I løpet av dei tre årene me hadde brukt på å etablera eit sosialt liv i timane brukte han eit par minutt på å setja seg sjølv i respekt. Kvifor me gav han respekt og ingen andre veit me ikkje heilt sjølv eingong, men han hadde ein væremåte som gjorde at me fekk lyst å læra.

Mange lærarar og like mange metodar har blitt brukt for å forklara meg pensum, men for fyrste gong opplevde eg ein som nærast var faglig perfekt. Denne læraren satt inne med enorme mengder med kunnskap. I motsetning til andre som kan bruka to doble timar på å sei ingenting, brukte han lite tid på å sei mykje. Og me forstod.

Med eit altomfattande pensum var det mykje å læra seg. I vår gruppe var me van med å manipulera lærarane slik at me sjeldan måtte bevisa vår kunnskap med penn og papir. Overgangen var derfor stor når Herr streng gav ut prøvar etter kvart tema. I tilegg opplevde me oppmuntring i form av høgtlesing av dei beste stilinnleveringane og heile tida god rettleiing i kva som måtte til for å bli betre.

Eg meinar denne læraren er den beste eg har hatt fordi han heile tida fekk meg til å yta mitt beste, og aldri kvila ved tanken på at eg var god nok. "Tenk heller korleis du kan bli endå betre", og så gjorde me. Han tok oss på ei vandring der me blei kjend med lærestoffet på eit nytt plan, ikkje berre som pensum til eksamen. Det er kva eg kallar ein god lærar.

søndag 24. august 2008

Nytt skuleår

Då var me alle i gong med eit nytt skuleår, og denne gong på hsh. Formålet for denne bloggen vil vera å presantera pedagogiske tankar knytt til studiet.



Eg ser fram til å utvikla meg sjøl i takt med innhaldet på denne blodden! Go lesing!