Best kjend teknikk for konstruktivismen er å setja ting i system og ha orden.
Chunking var noko ho får læra om på denne ferda. George Miller fortel henne at dersom ho høyrer til gjennomsnittet kan ho ikkje hugsa meir enn 7 tal på ein gong. Han meiner at nokon kan hugsa 9, og andre 5, dermed 7 +/- 2. Talrekkjer ut over dette må derfor chunkast inn i grupper.
Den store overgongen frå behaviorisme til konstruktivisme spenner frå å sjå på det ytre til å konsentrere seg om det indre.
”Eg tenker, altså er eg til,” sa Descartes til jenta for å gjere henne bevisst at også ho kunne iaktta sin eigen tenking.
For å forstå kognitivismen betre sorterer altså jenta lærestoffet i ein struktur som ho kjenner godt, altså alfabetet.
Glemsel, eller å gløyma noko kan ofte vera eit problem for jenta. Vandringa ho har frå den eine læringsteorien til den andre er litevits i dersom alt går i gløymeboka. Derfor er det viktig å koda informasjonen skikkeleg slik at det vert lagra i langtidsminnet. Informasjon lagra i langtidsminnet vert som regel også hugsa og kan gjenkallast seinare.
Hukommelse er ikkje reproduksjon, men rekonstruksjon. Hukommelsen lagrar altså ikkje informasjon, men han gjengir.
– Ikkje rart kor fort ei fjør kan bli til ti høns, tenkjer jenta!
Jenta lærer at med avgrensa kortidsminne kan eigentleg nokså enkle matematiske operasjonar bli kompliserte dersom til dømes gongetabellen er automatisert. For å løysa eit reknestykke med fleire multiplikasjonstykke i seg kan det bli svært mange operasjonar for eit lite hovud som må rekna kvar multiplikasjon som eit eige reknestykke.
Konsentrasjon kan væra vanskelig i mange samanhengar har jenta lært. I heimen har ho alltid hatt ei mor som lagar middag og støvsugar samstundes som ho kan hjelpa to av borna med lekser. Faren i huset derimot får problem dersom han skal snakka i telefonen med dottera samstundes som han skal leita fram bussruter. Då vert det som regel ganske stilt i den andre enden fram til bussrutene kan lesast av skjermen.
Læringsstrategiar er jo nesten det eg driv på med no tenkte jenta. Det er handlingar eller tankar som lettar informasjonsbehandlinga av dette kompliserte stoffet. Derfor vert det mykje enklare for meg seinare å gjenkalle det når eg har laga denne historia for meg sjølv!
Metakognisjon, er jo litt det same. På denne vandringa får ho veta at metakognisjon handlar om å læra korleis ein sjølv lærer. Ein kan gjennom systematisk bearbeiding og organisering av læringsstoff trena seg til betre læringsvanar slik at arbeidet går raskare.
Nasen tar inn lukt, mennen smakar, ein berører med fingrane, øyrene høyrer og augene ser. Alle desse er med på å registrera sanseinntrykka til jenta. Sanseregisteret er trinn 1 i tretrinnsmodellen. Trinn 2: Kortidsminnet fungerer som RAM i datamaskinen på likt som at trinn 2: Langtidsminnet fungerer som harddisken i datamaskinen.
Opperksomhet er ikkje alltid like lett, det erfarte jenta då hovar i praksis. Mesteparten av dei handlingane ho kan gjera i dag er ein kombinasjon av automatiserte og merksemdskrevjande aktivitetar som å gå, sykla, eta og lesa. For ungane i klassen ho var i praksis i var det ikkje fullt ut automatisert å kunna teikna og fargeleggja samstundes som dei lytta til høgtopplesing frå læraren.
Planlegging og gjennomføring av eige arbeid har vore ein sentral del på skulen i tråd med at jenta som elev har måtta læra seg å ta ansvar for eigen læring og delta aktivt i undervisninga.Q-mjølk? Det har vore mykje aktivitet i hjernen til jenta med mange nye inntrykk og ho vel å ta seg ein pause. Ein kan ikkje tvinga hjernen til å arbeida når den er overbelasta og ikkje vil meir.
Reise kan vera ein lur måte å læra seg nye ting på. Dette fekk jenta prøva ut då ho i pedagogikktimen på skulen laga ei reise frå heimen til postkassestativet for å hugsa dei 14 største landa i verda etter storleik.
Studieteknikkar fins i mange variantar, men ikkje alle passar alle. Hovudmålet i ein studieteknikk vil som oftast væra å organisera kunnskapen i ulike strukturar, laga systematikk i dei mange begrepa, finna samanhengar og system.
Tankekart er ein meir gjenkjenneleg metode for å strukturera lærestoff for jenta. Dette går gjerne inn under organiseringsstrategiar fordi det har som formål å skape oversikt og struktur.
Underbevisstheita lagrar ofte det som me trur me har gløymt. Etter det jenta har forstått er det derfor lurt å strukturere tankar om læring slik at det blir lettare å hente det fram til ein annan gong.
Verbal læring, eller meiningsfullt verbal læring som det blei presentert som for jenta av David P. Ausubel lagar eit skilje mellom den indre, subjektive kunnskapsforståinga og kunnskapen slik den er i den ytre verda.
Weinstein og Meyer lærer jenta om tre hovudgrupper av læringsstrategiar. Disse er repetisjonsstrategiar, elaboleringsstrategiar og organiseringsstrategiar.
…X, Y, Z, Æ, Ø, Å



