Pages

mandag 16. mars 2009

Læring OG leik

Samarbeid, inkludering, å venta på tur og sosialisering. Dette er berre noko av lærdomen det leikande mennesket vil dra med seg. Leik er ein viktig del av livet og den tek vare på vår barnekultur. Det vert sagt at ein er ikkje gammal før ein sluttar å leika, noko eg absolutt trur har eit poeng i seg.

Då eg sjølv var born hugsar eg at det kjekkaste eg visste var då mine foreldre tok seg tid frå sine daglege syssler til å ta del i leiken. Eg har her nokre av mine festligaste minner, som då min far blei så ivrig i volleyballspelinga og skubba oss minste bort frå nettet, som igjen resulterte i ein brekt fot. Det ein kan sjå teikn på her er ein leikelysten vaksen som overtek leiken og gjer borna til statistar, også kalla primadonna.

I skulen er det særskilt ei form for leiking eg har sansen for, og det er Rammeleik. Toril Hanssen skildrar denne forma som ei leikeform mellom leik som utfolding og drama. Ein har på førehand planlagd tema, roller og ei rekkje handlingar, og dersom det er lærarstyrt er det læraren som står for planlegginga. Det vil då vera viktig å leggja vekt på ein utviklande prosess der elevane er med å deltar gjennom leik.

Ved å la elevane samarbeida om å gjennomføra idear og handlingar i den proksimale utviklingssona kan elevane med læraren, eller kvarandre, som mentor hjelpa kvarandre fram til ulike løysningar. I følgje Imsen (2006) skal læraren si støtte vera omvent av kompetansenivå til eleven. Dersom eleven har mykje kunnskap skal læraren trekkja seg tilbake, men skal til gjengjeld vera mykje tilstades der eleven har liten kunnskap. Når eleven slit med oppgåva skal han få mykje hjelp og vegleiing frå læraren, biletleg sett byggjest det då eit stillas kring den lærande. Når den lærande ikkje lenger treng støtte skal stillaset rivast. Dersom ein ser leik på denne måten vil den leikande vera midt i den beste læringssituasjonen ein lærar kan ynskja seg, etter mitt syn.

Imsen (2006) skriv om Vygotskys syn på leik og at gleda kanskje er det viktigaste kjenneteiknet. Det er derfor sannsynleg at leiken kan gi barnet ei oppfylling av ulike typar behov . Imsen (2006) skriver vidare at Vygotsky meinar at ved hjelp av leik frigjer borna seg frå omverda og handlar annleis enn om dei ikkje hadde vore i leik. Som Toril Hanssen (2007) skriver er borna i leiken ”eit hovud høgare enn seg sjølv” fordi det tileignar seg kulturen og bidrar med nyskapande element gjennom sin kreativitet. Om ein då nyttar leik i ein læringssituasjon vil eg tru at ein vil hjelpa mange elevar vidare ved at ein flyttar fokuset bort frå noko som er skummelt til noko som er kjekt og spanande.

Imsen (2006) tar fram eit poeng om at ein ikkje på førehand kan veta når eleven vil forstå poenget med læringsaktiviteten og det derfor vil vera vanskeleg å planlegga dette på førehand. Dette opplevde eg også i praksis. Då me hadde undersøkingslandskap i matematikk var det fleire elevar som ikkje tok poenget med aktiviteten eg introduserte og eg måtte derfor så godt eg kunne improvisera. Det vil alltid vera ei viss uforutsigbarhet i elevane si læring, både når det kjem i form av leik, undervisning eller oppgåver.

Eg har i hovudsak snakka om leik i ein læringssituasjon der læraren har i stor grad styrt rollene. Eg vil påpeika at eg trur det er viktig slik Toril Hanssen (2007) skriver at borna gjennom sin kreativitet skal få bidra til å utvikla situasjonar utan at dette er planlagt. Borna skal få lov til å ta nye rollar undervegs i leiken slik at det oppstar ein leik i leiken. Dersom rammene på førehand er gode vil desse gi inspirasjon til vidareutvikling av fleire leikar og gi nye idear som borna vil leika ut i frå. Då har læraren likevel hatt ein viss kontroll over leiken som utviklar seg.

No trur eg leik er vel så viktig for tilpassa opplæring som undervisning er. Ungar er ikkje likt utvikla, og eg trur at dette må det tas hensyn til. Læraren kan læra mykje ved å iakta elevane medan dei leikar, og dermed vil det også vera lettare for læraren å regulera rammeleiken til å utvikla born sin metakognisjon med tanke på å få dei kjenslemessig engasjerte og aktivt deltakande (Toril Hanssen, 2007). Som eg skildra ovanfor er det også vesentleg at leiken har sitt utspel innanfor den næraste utviklingssona til borna.